Action i Vinjes ånd

Av Syphilia Morgenstierne


Nokon har lagt fram ein plan for eit Vinje-senter der Aa. O. Vinje voks opp.

Her skal vere museum, utstillingar, kultur. På ei slette ved E 134, der samfunnshuset Vinjar er no, har dei planar om å bruke 24 millionar 2016-kroner pluss moms på å syne fram ”skriftkultur, minnekultur og demokrati” i det nokon trur er Vinjes ånd.

Gjesp. 

Vinjes ånd er då mykje friskare enn dette.

Men la oss først sjå på realitetane, eller forventningane til kven som skal kome innom eit slikt senter.

Kven passerer her?

Turistar. Og dei som måtte ha eit ærend mellom Ytre Vinje og Haukeli.

Det er ei kjend sak at det berre er ein einaste ting som garantert får turistar til å stoppe, og det er eit brukbart toalett. I stigande grad ønskjer dei òg ein stad der dei kan tømme bobildoen sin.

Ein skikkeleg do, altså, og ein bobildotømmeplass.

Men dette er jo verkeleg i Vinjes ånd, og det kan bli eit fantastisk utgangspunkt for eit ekte og levande Vinje-senter. For Vinje var til tider svært oppteken av ”avføringsproblematikken”. Han skreiv mykje om skilnaden mellom menneskebæsj, saue- og geitelort, kumøkk og så bortetter. Han skreiv òg om korleis kompostert avføring frå menneske, og ikkje berre dyr, kunne få landbruket til å bløme. Alt dette står i Ferdaminne, tilgjengeleg for alle. 

Desse tekstane kan ein hengje opp på doveggen på mange språk. 

Men når vi no med eit slikt grep kan få til eit levande og fruktbart Vinje-senter, må vi ikkje stanse med dette. Vi må ha action. Vi må ha action i Vinjes ånd. Det er heldigvis ikkje vanskeleg, og det kan bli både populært og lærerikt:

Eit opplevingssenter kan typisk, og etter dobesøket, by på eit riktig Laugar-land. Barn og vaksne kan hoppe i elva, helst stupe frå store steinar slik Vinje sjølv gjorde mange gonger over heile Noregs land.

Etterpå kan dei gå inn i eit Mini-Anno som vert sett opp på den gamle leikeplassen ved den nedlagde skulen. (Skulen sjølv må sjølvsagt innreiast som dei stovene der Vinje var omgangsskulelærar.) Her kan vi til dømes ta utgangspunkt i året 1830. Da var Vinje 12 år. 

Ungane kan få leie, eller til og med kjøpe, slike klede som folk brukte på husmannsplassane før i tida. Vinje laga tresko. Ein kan setje opp treskoproduksjon.

Ungane må få høvelege oppgåver dei kan utføre, etter tid og alder. Her er eit hav å ause av. Dei kan òg få lese, eller bli lesne for, frå den gamle ABC’en og frå Holberg, slik Aasmund Vinje og syster hans, Margit, gjorde.

Her kan dei vere med på diktkonkurranse – med premiar – der dei bruker Vinjes eigne ord, etter ein meny over alle dei makelause orda han fann på og brukte.

Så er det vel eit juv i nærleiken – eller ein må lage eit – der barn og vaksne kan leite i fåfengd etter Blåmann. Dette er svært bra for dataspelskadde kroppar. Ja, medan vi fyrst er inne på det, kan det alltids bli eit dataspel også av opplevingane Vinje hadde som gjetar. Og eit rebusløp med koordinatane til relevante gjetarmarker, setrar og så vidare, som det er mengder av i nærområdet.

Med ein liten dispensasjon frå dagens (som òg var datidas) lovgiving kan ein dessutan gjenskape den uformelle, småskalabaserte spritproduksjonen som skaffa den unge Vinje ei god inntekt under buskane ved danseplassen rett ved Vinjar. Vinje meinte som kjend at forbodet mot spritframstilling ikkje hadde nådd heilt fram til bygda hans. Kan hende det framleis er sant?

Syphilia hos AO Vinje

Det er jo berre ekstra stor stas å runde av opphaldet på eit slikt opplevingssenter med ein blåmanndag.

Alt dette kan ein lett finansiere og gjennomføre med reint lokale krefter. Både kompetanse og utstyr har ein i fullt monn innanfor ein omkrins av nokre få kilometer.

Sjå, det var andre planar! Meir realistiske og billegare enn dei som er lagt fram på 300 sider og alt har kosta nokre millionar. Og mykje meir morosame.


Syphilia foran bysten av Vinje som er reist utenfor Søsterkirkene på Granavollen. Her døde Vinje i 1870.


© Per Helge Berrefjord 2014 - 2024